Lærerveiledning – Episode 5 Blindsone og sikring i buss
Lærerveiledning blindsoner og sikring i buss
Læringsmål om relfeks – No skal du lære:
Læringsmål:
- Kva ein blindsone er
- Kva reglar du må følgje når du er passasjer i buss
Ulike trafikantar ser ikkje alltid det same i trafikken. Alle sjåførar som køyrer bilar, bussar og lastebilar har blindsoner.
Blindsoner er områder på begge sider av bilen som du ikkje ser i synsfeltet eller i speil fra førarposisjonen
Å kunne forstå kva dette er og korleis dette påverkar kvar du bør gå og kva du må vere merksam på er noko barna må erfare og øve på.
Det er spesielt på parkeringsplassar og andre stader der bilar står parkert, samt ved kryssing av veg at dette er ei utfordring. Det har dessverre skjedd ulykker der barn har blitt påkøyrt av di dei har hamna i sjåførane si blindsone. Då hjelper det ikkje nødvendigvis at dei har refleksvest på heller. Øv på at barna alltid må stoppe heilt opp før dei skal krysse veg. Barna må få augekontakt med sjåførane og vere heilt sikre på at bilane har stoppa for dei før dei kryssar vegen.
Mange elevar må dagleg køyre buss til og frå skulen. Mange skular brukar også buss til å frakte elevar på skuleturar.
For at bussturane skal vere trygge og det ikkje skal skje ulykker, må elevane lære korleis dei skal oppføre seg både når dei ventar på bussen, skal gå om bord, på sjølve bussturen, og når dei skal gå av. Det er viktig å ha respekt for at bussen er eit stort og tungt køyretøy, at bussjåføren treng ro for å konsentrere seg om å køyre, og at belte skal brukast i bussar der det er. Minn elevane på at bussane har stor blindsone. Dei fleste ulykkene med buss skjer når passasjerane går av og på.
Hugs å spørje etter belte til alle elevane når de bestiller buss til skuleturar.
Elevar som er tildelt skyss til og frå skulen har krav på sitteplass med belte i bussen.
Det er fint å øve og repetere på kva blindsone er når de er ute og går i trafikken, for eksempel på veg til symjehallen eller biblioteket. Ver konkret på kva det vil seie for korleis elevane skal føre seg nær parkerte bilar for eksempel.
På stader der mange elevar køyrer buss til og frå skulen bør dette vere eit tema alt ved oppstart i 1.klasse og repeterast med jamne mellomrom. Elles bør de spesielt arbeide med dette emnet før de skal på skuleturar der de nyttar buss.
Alle bilar har områder rundt bilen som sjåføren ikkje kan sjå. Desse områdene kallar vi blindsoner. Viss du er i blindsona til bilen, kan altså ikkje sjåføren sjå deg. Store bilar har større blindsoner enn små bilar.
Ver ekstra forsiktig på parkeringsplassar, og der bilar står parkerte.
Du bør aldri springe på parkeringsplassar, men gå roleg, vere merksam og forsiktig. Stopp heller ikkje rett bak parkerte bilar.
Stå roleg på busshaldeplassen, så langt frå vegen eller fortauskanten som råd. Bussen er stor og treng god plass når han skal inn til busshaldeplassen. Stå roleg heilt til bussen stoppar.
Når bussen har stoppa, kan de gå roleg i rekke fram til inngangsdøra. Ikkje dytt eller press deg fram i køen. Gå roleg inn og finn eit ledig sete.
Når du har sett deg ned, skal du setje sekken på fanget eller nede ved beina. Ta på setebeltet, slik at du sit trygt. Beltet skal liggje tett inntil kroppen, og det må ikkje vere vridd. Har du tjukk vinterjakke på, må du opne jakka, slik at du får stramma beltet godt. Hugs at du aldri skal ta beltet under begge armane. Då fungerer ikkje beltet slik det skal.
Når bussen køyrer skal du sitje roleg og riktig veg i setet. Snakk hyggeleg og roleg saman. Då forstyrrar du heller ikkje sjåføren, som må konsentrere seg om å køyre bussen.
Sit på plassen din til bussen har stoppa ved busshaldeplassen, før du tek av beltet og reiser deg opp. Gå ut, ein og ein. Det er lett å skli eller snuble viss mange pressar på og vil av samtidig. Når du har gått av bussen, skal du gå ut til sida. Ikkje stå heilt inntil bussen, i tilfelle du dett utan at bussjåføren ser deg. Viss du skal krysse vegen, må du vente til bussen har køyrt før du går over.
Alle bilar, bussar og lastebilar har områder rundt køyretøyet som sjåføren ikkje kan sjå. Du hugsar kanskje at vi kallar slike områder for blindsoner. Difor må du vere forsiktig og merksam når du går nær ein buss. Stå aldri rett bak, rett framfor, eller tett ved sidene. Viss bussen skal køyre eller rygge, er det ikkje sikkert sjåføren kan sjå deg, og då kan du bli påkøyrt.