Lærerveiledning – Episode 3 Oppmerksomhet og sikring i bil
Lærerveiledning Oppmerksomhet og sikring i bil
Læringsmål om relfeks – No skal du lære:
Læringsmål:
- Vi brukar fleire sansar for å ferdast trygt i trafikken
- Ulike trafikantar ser ikkje alltid det same i trafikken
- Høyrsla kan hjelpe oss når det kjem bilar vi ikkje kan sjå
Det er mykje å følgje med på i trafikken, og elevane treng å vere merksame på kor viktig det er å bruke syns- og høyrselsansane. Elevane må lære å tolke sanseinntrykka. Dette kan du hjelpe dei med for eksempel gjennom samtale og stille spørsmål rundt det elevane opplever i trafikken. Bruk erfaringane og kunnskapane dei har, og la dei sjølve sette ord på det dei ser og høyrer. Du har kanskje gått med øyretelefonar og høyrt på musikk eller radio, og sjølv erfart at du då mistar mykje informasjon om det som skjer rundt deg i trafikken. Då er det viktig å vere bevisst på korleis du brukar sansane.
I episode 3 er innfallsvinkelen på temaet merksemd i trafikken at onkel Snorre brukar mobiltelefon medan han køyrer bil. Dette er forbode, og mangel på merksemd veit vi er ein av dei største ulykkesårsakene. At vaksne som køyrer bil ikkje alltid er merksame er livsviktig lærdom for elevane. Difor er det for eksempel svært viktig at elevane øver på å få augekontakt med sjåførar før dei krysser veg.
Å vere merksam og bruke sansane bør arbeidast med til ulike årstider. Finn nokre faste stader som de går til både når det er snø ute, når det er bert og når det er lauv på buskar og tre. Vegetasjon og vêr spelar inn på kva vi ser og høyrer i trafikken.
Det er mange ulike trafikantar som skal dele plassen på vegen, og difor mange å ta omsyn til, og mykje å vere merksam på. Det kan kome bilar sjølv om du ikkje ser dei. Bilane kan vere skjulte bak bakketoppar, buskar eller tre, svingar og hus. Det vil seie at dei som køyrer heller ikkje alltid kan sjå deg. Då må du bruke høyrsla, og lytte etter motordur. Kan du høyre syklar som nærmar seg?
Hugs at du aldri må gå over ein veg før du er sikker på at dei som køyrer har sett deg. Prøv å få augekontakt med sjåføren, og legg merke til om bilen set ned farten og stoppar. Sjå deg føre, både til høgre og venstre, og vent til bilen har stoppa før du går over.
Ofte er det mange høge lydar i trafikken. Kanskje det er vanskeleg å høyre kvar lydane kjem frå, og kven som lagar dei ulike lydane. Di fleire sansar du bruker samtidig, di betre greier du deg i trafikken.