Lærerveiledning – Episode 6 Se og bli sett
Lærerveiledning Se og bli sett
Læringsmål om relfeks – No skal du lære:
Læringsmål:
- Kva det vil seie å vere merksam i trafikken; sjå og bli sett
- Den viktigaste trafikkregelen
- Kvifor vi har trafikkreglar
Kompetansemåla i læreplanen for Kroppsøving seier at elevane skal kunne øve på trygg ferdsel i trafikken, og kunne forstå og følgje reglar i trafikken. Å ferdast trygt i trafikken inneber mykje meir enn å vite kva side av vegen du skal gå på eller å vite kva dei ulike trafikkskilta fortel oss.
Ein god trafikant tek heile tida sjølvstendige val og gjer eigne vurderingar. Desse vurderingane skjer i eit kontinuerleg samspel med andre. Difor må vi og sjå trafikkopplæringa i relasjon til sosial utvikling. Læreplanverket vektlegg at elevane skal bli både sjølvstendige og dyktige til å samarbeide.
Som trafikantar må vi vere merksame på alt kring oss. Vi har eit ansvar for å sjå andre trafikantar, skilt og vegmerking, og vere budd på at noko uventa kan skje. Alle har eit ansvar for at trafikken ikkje vert hindra og at vi ikkje uroar andre. §3 i Vegtrafikklova er såleis den viktigaste trafikkregelen då den omfattar alle trafikantar og handlar om dugleikar og grunnleggjande haldningar, og forståing for korleis trafikken fungerer.
Sjølv om noko av det viktigaste du kan lære elevane er å vere forsiktig, merksam og å ta omsyn, kan kjennskap til skilt i nærområde hjelpe elevane med å utvikle trafikkforståing og å lese trafikken rundt seg. Mange elevar synes også det er artig å kunne kva skilta fortel oss. Vi rår til at du legg vekt mest vekt på skilta elevane må kunne for å ferdast trygt som fotgjengar der dei bur.
Denne episoden gjev eit godt utgangspunkt for samtalar om trafikk på alle trinna. Å følgje trafikkreglane, vere merksam, vise omsyn og vere forsiktig er grunnleggjande haldningar i trafikken som vi ønskjer at elevane tek med seg vidare i livet. Dette er også eit bra tema å ha lekser i eller ta fram på foreldremøter. Foreldra sine haldningar og måtar å oppføre seg på i trafikken er elevane si viktigaste kjelde til lærdom, på godt og vondt
Det kan vere eit artig innslag i opplæringa å lære sangen «Se og bli sett», og kanskje til og med lære seg dansen. Under fana «lær sangen», finn de tekst og koreografi.
Alle i trafikken er på veg til ein stad, og vi må dele på plassen. I trafikken er det fotgjengarar, syklar, bilar og andre køyretøy. Der er vegar, fortau og skilt. For at alle skal kome trygt fram i trafikken, må vi ha nokre reglar. I tillegg må vi vere forsiktige, sjå oss godt for og gjere oss synlege for andre trafikantar.
Når du spelar eit spel eller konkurrerer med andre, må de har reglar for at det skal bli rettferdig. Slik er det òg på skulen og i klassen. Kva skjer viss nokon bryt reglane i eit spel eller i klasserommet?
Kva kan skje viss nokon bryt trafikkreglane?
- §3 i Vegtrafikklova:
«Alle skal ferdast omsynsfullt og vere aktpågivande og varsam, slik at det ikkje oppstår fare eller fører til skader, og slik at annan trafikk ikkje blir unødvendig hindra eller forstyrra.»
Alle orda i denne regelen er ikkje like lette å forstå. Aktpågivande betyr merksam, og varsam betyr forsiktig. Vi kan altså seie det litt enklare:
Vi skal ta omsyn, vere merksame og forsiktige i trafikken. Det er av di det ikkje skal skje ulukker, og for at alle skal kome seg trygt fram.
Den regelen gjeld for alle, anten vi går, syklar eller køyrer. Kan du gje døme på kva det vil seie å vere merksam og å ta omsyn til andre i trafikken?
Tekst og melodi: Karoline Gregersen Herlofsen, Marianne Krogness, Kjetil Røst Nilsen og Thomas Kongshavn
SE OG BLI SETT
Musikk og tekst Thommas Kongsvik og Kjetil Røst Nilsen
Tekst: Marianne Krogness og Karoline G Herlofsen
VERS 1
Kan vi danse midt i gata
Hvor kan vi sykle eller leke nå
Er det trygt å løpe baklengs
Hva er det viktig at vi passer på
REF:
Hey hey
Kan alle se meg?
Hey hey
Er veien trygg nå?
Hey hey
Kan alle se meg?
Hey hey
Er kysten klar?
Se og bli sett
Bli med i trafikken
Til fots og på sykkel
I bil og på trikken
Alle er med både liten og stor
Sammen gjør vi trafikken trygg der vi bor
VERS 2
Kan vi hinke over veien
kan vi krabbe eller må vi gå
kan vi gjemme oss i mørket
Eller må refleksen være på
REF:
Hey hey
Kan alle se meg?
Hey hey
Er veien trygg nå?
Hey hey
Kan alle se meg?
Hey hey
Er kysten klar?
Se og bli sett
Bli med i trafikken
Til fots og på sykkel
I bil og på trikken
Alle er med både liten og stor
Sammen gjør vi trafikken trygg der vi bor
VERS 3
Kan vi sykle rundt med krone
Og nei nei, hvordan skal vi da få hjelmen på
Stakkars kongen og hans kone
De kan ikke sykle
De må bare gå
Snakk
Men kan de ikke bare lime kronen opp på hjelmen da?
Eh..med superilm da?
Ja!
Se og bli sett
Bli med i trafikken
Til fots og på sykkel
I bil og på trikken
Alle er med både liten og stor
Sammen gjør vi trafikken trygg der vi bor
REF:
Hey hey
Kan alle se meg?
Hey hey
Er veien trygg nå?
Hey hey
Kan alle se meg?
Hey hey
Er kysten klar?