Lærerveiledning – Episode 4 Fotgjenger i trafikken
Lærerveiledning Fotgjenger
Læringsmål om relfeks – No skal du lære:
Læringsmål:
- Reglane for å gå langs ein veg
- Reglane for å krysse ein veg
- Forskjellen på å gå åleine og saman med andre
I denne episoden blir Trym og Madikken og venene Pia og Amelie fulgt til skulen av onkel Snorre. Elevane i din klasse har ulike skulevegar både av lengde og standard, noko som krev ulike framkomstmåtar. Trygg Trafikk oppmodar alle som har moglegheit til det til å gå til skulen, anten åleine eller saman med andre. Det gjev god mosjon, er sosialt og miljøvenleg. Dei yngste elevane bør gå saman med ein vaksen til dei er trygge på skulevegen. Det er fint om skulen kan hjelpe til med organisering av gågrupper, der det er mogleg. Skal elevane komme seg trygt fram, må dei kunne dei viktigaste reglane for fotgjengarar. Vi har lagt særleg vekt på kryssing av veg då det kan vere svært utfordrande for barn. Dei fleste ulykker der fotgjengarar er involverte skjer ved kryssing av veg.
De bør sette av tid til å øve på det å vere fotgjengar i trafikken. Det er fint å øve og repetere når de elles er ute og går i trafikken, for eksempel på veg til symjehallen eller biblioteket. Snakk saman om det de ser og opplever, og få elevane til å forklare korleis de skal gå, krysse vegen og kva de må vere merksame på.
Ver bevisste på at de som vaksne er rollemodellar i trafikken.
Ta gjerne opp temaet på foreldremøte også, eller informer foreldra via vekeplaner, slik at de saman har fokus på det å gå i trafikken.
Å vere merksam og bruke sansane bør arbeidast med til ulike årstider. Finn nokre faste stader som de går til både når det er snø ute, når det er bert og når det er lauv på buskar og tre. Vegetasjon og vêr spelar inn på kva vi ser og høyrer i trafikken.
Det er mange ulike trafikantar som skal dele plassen på vegen, og difor mange å ta omsyn til, og mykje å vere merksam på. Det kan kome bilar sjølv om du ikkje ser dei. Bilane kan vere skjulte bak bakketoppar, buskar eller tre, svingar og hus. Det vil seie at dei som køyrer heller ikkje alltid kan sjå deg. Då må du bruke høyrsla, og lytte etter motordur. Kan du høyre syklar som nærmar seg?
Viss skulevegen din er kort, går du kanskje åleine. Det er viktig å velje den vegen du har øvd på saman med ein vaksen. Du må alltid gå den tryggaste vegen, og følgje godt med på trafikken rundt deg. Kva vil det seie å følgje med på trafikken?
Dei som bur nær kvarandre kan gå saman til skulen. Når fleire går saman, kan de fort bli opptekne av andre ting enn trafikken. Sjølv om de snakkar saman og har det kjekt, er det viktig at de er merksame og hugsar trafikkreglane.
Mange har følgje av vaksne til skulen. Kanskje det er foreldra dine, eller kanskje det er ein annan vaksen du kjenner, som følgjer fleire born. Sjølv om du går saman med vaksne, må du vise omsyn og vere merksam.
Når du er i trafikken er det mykje du må passe på. Viss fleire går samla, hender det ofte at nokon tøysar og tullar. Kanskje du av og til får lyst til å leike litt? Då er det viktig å tenkje på den viktigaste trafikkregelen: Vi skal ta omsyn, og vere merksame og forsiktige i trafikken.
Dei som har fortau er heldige. Dei kan gå ved sida av kvarandre, og snakke og ha det hyggeleg. Andre stader må de kanskje gå langs ein veg utan fortau. Når det kjem bilar blir det trongt og vanskeleg å gå ved sida av kvarande. Då må de gå bak kvarandre, ein og ein. Det kan vere kjedeleg, men det er tryggast.
Uansett om du går langs veg, på fortau eller på gang- og sykkelveg er det lurt å bruke refleksvest slik at du blir meir synleg.
- Der det ikkje er fortau eller gang- og sykkelveg skal du gå på venstre side av vegen. Då kan du lettare sjå bilane som kjem mot deg.
- Gå roleg, og ver merksam.
- Finn ein stad med god utsikt til begge kantar, både til venstre og til høgre. Då kan du sjå om der kjem bilar eller syklistar.
- Det er farleg å gå ut mellom parkerte bilar, i ein sving, eller andre stader der du ikkje har god oversikt.
- Gå alltid rett over vegen, og aldri på skrå. Då kjem du raskare over.
- Bruk gangfelt, trafikklys, gangbru eller undergang der det finst.
- Ta alltid den tryggaste vegen, sjølv om det kan bli litt lengre å gå.
- Stopp heilt opp, og sjå til begge sider, lytt etter bilar og andre køyretøy.
- Ikkje kryss vegen før du er heilt sikker på at bilane stoppar for deg.
- Gå alltid rett over vegen og ikkje på skrå.
- Stopp heilt opp, og sjå til alle sider, lytt etter bilar og andre køyretøy.
- Sjølv om trafikklyset er grønt, må du vere heilt sikker på at bilane stoppar for deg.
- I nokre lyskryss er det slik at både fotgjengarar og dei som køyrer har grønt lys samtidig. Nokre bilar skal kanskje svinge, og då må dei køyre over gangfeltet. Sjekk alltid at sjåføren ser deg når du kryssar vegen i slike lyskryss.
Hugs at du aldri må gå over ein veg før du er sikker på at dei som køyrer har sett deg. Prøv å få augekontakt med sjåføren, og legg merke til om bilen set ned farten og stoppar. Sjå deg føre, både til høgre og venstre, og vent til bilen har stoppa før du går over.