Lærerveiledning – Episode 2 refleks
Lærerveiledning refleks
Læringsmål om relfeks – No skal du lære:
Læringsmål:
- kvifor det er viktig å bruke refleks
- korleis ein refleks verkar
- at det finst mange typar refleksar
Refleks er eit tema som alt har plass i trafikkopplæringa ved mange skular. Episoden er lite konkret på korleis refleksen verkar, så det er det fint om samtalen i etterkant eller aktivitetar de gjer bidreg til at de finn ut av dette. Dei fleste skuleelevar er flinke til å bruke refleks ute i trafikken, men det kan vere lurt at skulen tek tak i det med ein årleg aktivitet, klassekonkurranse eller liknande. Fokus på refleks medverkar til fokus på trafikktryggleik generelt.
Å bruke refleks er det beste du kan gjere for å halde deg og dine trygge i mørkeret. Utan refleks er du først synleg på ein avstand på 25 – 30 meter, medan du med refleks er synleg på ein svatand på 140 meter når bilen brukar nærlys. Omrekna til sekund har bilføraren 10 sekund i staden for 2 sekund til å reagere, og det kan vere forskjellen på liv og død.
Gatelys skaper falsk tryggleik, og mange trur at det ikkje er nødvendig med refleks når dei går i område med gatelys. Det stemmer ikkje. Sjølv om du ser bilen, ser ikke sjåføren deg. Difor er det ei billeg livsforsikring å alltid bruke minst ein refleks når du er ute og går i mørkeret.
Sjølv om refleks bør brukast på skulevegen og på turar i skuletida heile året, er det å vere synleg eit tema som det er mest naturleg å jobbe med om hausten og vinteren.
Sidan alle undersøkingar viser at det er dei vaksne som er dårlegst til å bruke refleks, kan det også vere aktuelt å ta opp temaet i foreldregruppa. Refleks er eit takknemleg tema for ein sosial aktivitet på kveldstid med foreldre og elevar, for eksempel natursti mørkeret som vi har forslag til under felles aktivitetar.
Når lyset frå ein bil treffer ein refleks, kastar refleksen lyset tilbake til sjåføren. Vi seier at lyset blir reflektert. Då ser det ut som om refleksen lyser, og på den måten vil dei som køyrer lettare oppdage fotgjengarar med refleks. Refleksen lyser berre når han blir opplyst. Han lyser ikkje av seg sjølv.
Bilar kan kome køyrande frå fleire retningar. Difor må du feste refleksane slik at dei er godt synlege frå alle kantar. Det er viktig at dei er synlege både når du går langs vegen, og når du skal krysse vegen. Refleksar som rører på seg når du går, for eksempel refleksbrikker som heng i ei snor festa i jakkelommen, er mest synlege.
Viss du går utan refleks i mørkret, vil ein som køyrer i 50 km/t berre ha to sekund på å oppdage deg. Har du refleks vil han oppdage deg ti sekund før. Då er han mykje lengre unna, og får betre tid til reagere.
I tillegg kan det også vere lurt å bruke klede med lyse fargar når du er ute og går i mørkret. Lyse fargar vises betre i lyset frå billyktene enn mørke fargar.
Viss du går utan refleks i mørkret, vil ein som køyrer i 50 km/t berre ha to sekund på å oppdage deg. Har du refleks vil han oppdage deg ti sekund før. Då er han mykje lengre unna, og får betre tid til reagere.
I tillegg kan det også vere lurt å bruke klede med lyse fargar når du er ute og går i mørkret. Lyse fargar vises betre i lyset frå billyktene enn mørke fargar.
Ein bruker ikkje refleks berre når det er mørkt. Mange bruker òg refleks når det er lyst ute, slik at dei skal vere meir synlege i trafikken. Du har kanskje sett at vegarbeidarar bruker refleksvest eller jakker med refleks og sterk farge? Mange skuleklassar som går på tur bruker òg refleksvest, for at dei skal vere synlege for andre trafikantar. Då er det mindre fare for at det skjer ulukker. Veit du om andre som bruker refleks når det er lyst ute?
Refleksar kan lagast på to ulike måtar:
- I dei harde refleksbrikkene sit det tett i tett med små glaspyramidar. Når lysstrålene treffer ein slik pyramide, blir dei sendt rundt inne i refleksbrikka før dei blir sendt ut igjen i den retninga dei kom frå.
- I dei mjuke refleksane sit det tett i tett med bitte små glaskuler. Glaskulene er så små at du må ha mikroskop for å sjå dei. Den bakarste halvdelen av glaskulene blir malt med måling som reflekterer lysstrålane. Når lysstrålar går gjennom glaskulene og treffer målinga, blir dei sendt ut igjen i den retninga dei kom frå.